I dag tidleg då eg var ute og gjekk, kom eg over ei avis. Der stod det ein artikkel om korleis kvinner skal oppføre seg i vårt samfunn. Eg blei sjokkert då eg leste at kvinner skal tie still, og passe barn, og vaske hus. Det er ein grusom måte å styre eit samfunn. Eg meiner at kvinner blir for opptatt av det menn meinar om dei.
Eg hugsar då eg var på jenteskule i Kristiania. Det likte eg ikkje, for alt vi gjorde var å gjere det same opp att og opp att. Eg ville arbeidde, og ta del i politikken. Det å vise at ein er kvinne, og faktisk kan tenke er viktig. No har brødrene til Peter, min avdøde ektemann, tilbydd meg å bli forsørgd av dei! Eg blir sint av å tenke på det. Korleis kan nokon tru at eg ikkje klarar meg sjølv? Ikkje for å verke utakknemleg, for det er eg ikkje, men eg klarer faktisk å ta eigne val og forsørgje meg sjølv og barna mine.
Eg hugsar då eg var barn og sprang rundt med søskena mine, då blei eg høyrd når eg ville noko. Men no som eg er vaksen og faktisk har nok informasjon til å forme mine eigne meiningar så får eg ikkje bruke det eg kan.
Men no kjære lesarar skal eg sette meg ned og bruke kreativiteten og fantasien min til å skrive litt. Ein må ha noko å bruke tida si på. Og så får eg berre tenke ut korleis eg skal få til å forsørgje meg sjølv....
I dag hadde eg på meg dette: ------------------------------->
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar