… av at ikkje kvinnene skal ha like rettigheitar og meiningar som menn. Vel, i staden for å sitte her og tenkje på meiningane mine, så kan eg heller berre skrive dei her. Menn kan ha alle slags jobbar, men ikkje vi kvinnene. Akkurat no so er det jo heilt utenkjeleg at ei kvinne kan vere forfattar. Eg ville vere forfattar, men det var vanskeleg. Men veit de kva? Eg brydde meg ikkje i det heile tatt. Eg ville berre få sinnet mitt ut og få ut den urettferdigheita vi kvinner opplever. Det skulle jo ikkje ha vore lov! Peter, min tidlegare mann hadde tru på meg og ga meg styrke til å skrive artiklar og forteljingar. Det var veldig tøft for meg då Peter døydde. Eg var ei enkje utan inntekt, men då bestemte eg meg for å bli forfattar. Eg skreiv tekstar, men eg måtte jo gi ut alle tekstane mine anonymt, sjølv om alle visste at det var eg som skreiv dei. Eg elskar å skrive. Dette er livet mitt.
Eit eksempel som eg meinar er urettferdig er tvangsgifting. Det skulle jo ikkje ha vore lov. Ein venn av meg blei tvinga inn i ekteskap med menn ho ikkje elska. Men ho nekta og flykta. Ho gifta seg til slutt med ein gamal enkemann for å ikkje bli tvangsgifta. Etter det har ingen høyrt frå henne. Kvifor skal mennene få velje kven dei vil gifte seg med? Kvifor kan ikkje kvinnene få velje? Det er dette så gjer meg så innmari irritert!
Lesarane er sjokkerte over det eg skriv. Dei synast at det er pinleg at ei kvinne skriv om forholda mellom mann og ei kvinne. Men det eg vil er at vi kvinnene skal bli tatt på alvor og bli respektert som ei kvinne. Ikkje berre mennene. Møkka lei, seier eg berre.
- Camilla Collet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar