Hei! Eg har vore veldig opptatt med denne debatten i det siste. Eg skjønnar ikkje kvifor Wergeland & Co ikkje er einige med meg. Deira sine forslag og meiningar er jo heilt idiotiske! Eg skjønnar ikkje korleis dei kan meine noko sånt?!? Eg er bombesikker på at det eg meinar er best for landet. Han Henrik Wergeland er jo den verste av alle. Den dusten skal alltid seie i mot meg, uansett kva eg seier. Dersom vi skal byggje vidare på det gamle bondesamfunnet, vil heile landet gå dukken. Bøndene kan vel ikkje noko om politikk. Det einaste dei gjer om dagane er jo å ta inn potetene og mjølke kyrne. Eg synest det må vere skikkelige menn frå byane eller embetsmennene som skal styre. Dei har i alle fall litt peiling på politikk. Det er jo ein fordel at dei har høyrt om det før. Språket er mykje betre no som det er dansk, enn det gamle norske som forandra seg frå bygd til bygd. Heilt i frå universitetet har eg og Wergeland vore ueinige. Dersom vi skal bli einige, må det skje eit mirakel! Eg skal i alle fall ikkje gi meg.
Diktskrivinga hans er jo heilt på trynet! Kor har han lært seg å skrive dikt? Det kan ikkje vere her på jorda. Eg såg eit dikt no forleden i Morgenavisen. Det er verken rim eller rytme i dikta. Han bare druser eit par ord ned på eit papir og kallar det eit dikt. Dersom du skal kunne kalle det eit dikt må det, som eg sa, vere rim, rytme og du må bruke litt tid på det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar